tirsdag 20. september 2011

Revival!

Eg kom til å tenkje at eg eigentleg ikkje treng så frykteleg mykje å skrive om for å ha ein blogg, om ikkje anna er det eit fint sted å få sutra i frå seg, og skrive litt om ting som skjer i løpet av i dag, og kva for dag passar betre enn i dag?  Kjapp oppsummering av alt som har skjedd sida sist - eg har sagt opp jobben min av årsaker eg ikkje er heilt klar for å gå innpå endå - eg har med stort tålmod venta dei åtte vekene eg måtte før eg hadde rett på dagpengar - eg har vore på jobbintervju hos Elkjøp, og har eitt andregongsintervju i morgo!

La meg byrje med å si dette: Kjere alle som tek bybanen - dørane åpnar seg ikkje fortare sjølv om du står og trykkar frå dama i taket seier namnet på stoppet. Er vi semd om det? Bra.

For det andre, SMIL-kampanja til Skyss har openbart ikkje funka, fordi det einaste det har ført til er at alle er dritsure for at ingen tek hensyn til dei spesifikt, anten dei skal på eller av bybanen. At dei ikkje heilt har fatta at alle må delta for at det skal funke er litt overraskande sida eg trudde stort sett heile Noregs befolkning kunne lese.

For eksempel, eg har vore rundt meg bornevogn ein del i det siste, fordi eg har passa dattera til bestevenninna mi, og fordi eg har nevøer som - trass i at dei kan helde ut rimeleg lengje - neppe hadde orka ein heil dag i sentrum utan vognen. Eg kjem på ein relativt full bybane, og det sitt to menn og pratar på dei designerte handicap/bornevogn-plassane. Eg trekk pusten, sukker tungt, og stillar meg på hin sida. Sida ho som satt der reiste seg og lot meg parkere utan ei einaste sur mine var det ikkje eit problem før bornvogn nummer 2, 3 og 4 kom på, henholdsvis. Dei to satt der framleis, ensa ikkje at dei satt på plassar dei eigentleg skal gje frå seg når nokon som treng dei kjem på. Det endte med litt kreativ stabling frå meg og eit par andre som hadde vogn med seg. Ikkje ein gong når vi sto og dytta vogner der det var plass ensa dei at dei moglegvis satt ein stad dei ikkje burde.

Tru meg - eg er ikkje typisk bornevognsmafia, og eg har inkje i mot å måtte parkere ein anna plass, så lengje det er plass og vogna står trygt. Men eg vert framleis utruleg irritert når folk ikkje reiser seg for bornevognar, rullestolar, eldre, folk på krykkar, og... ja, de forstår poenget. Og spesielt når folk sitt seg frivilleg på handicap-plassar, bornevogn/rullestol-plassar og lignande. Då sett du deg ein plass der du veit det er ei sjanse for at du må reise deg om nokon som har rett på plassen kjem på. Trudde eg, i kvart fall.


Avslutningsvis kan eg kome med ei morsom anekdote om byråkrati. I dag var eg på eit veiledningsmøte for dagpengemottakere. Eg er ikkje ei sånn ei endå, men då eg skulle levere min dagpengesøknad #2 (fordi det var noko feil i den fyrste, må dykk skjønne, og dei kan ikkje ordne det for meg, eg må innom og levere ei heilt ny ein, med nye kopiar av papira dei fekk for ei veke sida) var vi altså framleis i møterommet. Mannen som heldt veiledningsmøtet var faktisk saksarbeidaren min, så eg tenkte at det var flaks, og gjekk bort til han. "Hei, eg fekk beskjed om å levere denne innen ei veke for ... ei veke sida." han så på papiret, registrerte at det var ein søknad om dagpengar, og sa "Jo, du må opp og levere den i skranken". Eg forsøkte spakt å påpeke at han var saksarbeidaren min, og då sa han, med eit lett panisk tonefall "Men eg har ikkje den rette posteska til å ta i mot han!". Byråkratiet i praksis, altså!

Ingen kommentarer: