onsdag 21. september 2011

Kva er ein verdig sak?

Eg er ein av "ildsjelane" bak Team Pink Eye, som skal helde på i heile Oktober, og faktisk allereie har tent sine fyrste 350,-. Det er aldri nokon som spør "kvifor gjer du det? Kvifor starte du di eiga 'team'-greie for å støtte brystkreftforskning?", fordi det er heilt openbart ei god sak, som alle burde støtte om dei kan. Det er ei grunn til at oktober er dekt i rosa sløyfer, er det ikkje? (Dette er klistrelappane eg lagde for eit selskap som heiter One Hand Washes The Other - dei skal donere salgsinntektar til Team Pink Eye i oktober!)


Men så starta eg med noko anna, noko som er på eit mykje meir personleg nivå. Eg starta å spare nokon av mine eiga pengar for å gje til ei venninne som skal gifte seg i mars. Ikkje som bryllaupsgåve, men for å hjelpe ho å betale for bryllaupet. Ho var berre ei bekjent då samtaleemnet kom opp. Ho nemnte at båe ho og forlovaden gifter seg for andre gong, og at ho verkeleg vil gjere noko utav det.

Alle jenter vil vel eigentleg ha eit bryllaup som er deira dag, som dei kan sjå tilbake på, og vise bildar frå, og vere stolte av. Eg tenkte eigentleg ikkje meir på det før det kom opp i ein gruppesamtale at ho ikkje ante korleis dei skulle få råd til alt, og forklarte litt meir av bakhistoria. Hoas tidligare ektemann misbrukte ho, både psykisk og fysisk, til ho tilslutt klarte å bygge opp motet og rømte frå han. Ho har ikkje særleg med gode minner frå bryllaupet - eller ekteskapet - deira.

Men det er ikkje difor ho vil ha eit fint bryllaup denne gongen. Det er fordi forloveden hennar sist måtte gifte seg i lunsjpausen på arbeidsplassen til eksen sin, og har aldri fått lov å feire ein sånn dag så langt. Han har spinka og spart det han kan, fordi han verkeleg, verkeleg, vil ha ein fin bryllaupsdag. Difor ynskjer ho seg og ein fin bryllaupsdag. For hans skuld, og for far hennar skuld, som gjerne vil sjå dattera si lukkeleg gifta bort, og ikkje til ein horribel unnskyldning for ein mann. Diverre så fører sistnemnde til at dei ikkje fekk så mykje tid som dei hadde håpa på for å gjere seg klar og spare til eit bryylaup som dei trudde, fordi faren hennar er døyande.

When it rains it pours, right?

Difor har eg valt å gje ho noko pengar, som ei slags bryllaupsgåve, men ikkje naudsynt til etter bryllaupet. Enkelte har reagert på det med "kvifor det? Du held jo allereie på med TPE." eller "Jøss, det var litt av eitt hopp i godgjerden". Er det ein mindre verdig sak? Kva tykkjer de?

Ingen kommentarer: