fredag 21. oktober 2011

Vinter, haust, kva er forskjellen, eigentleg?

Eg har ei føling av at det kjem til å vere ei saumlaus overgang frå haust til vinter. Det er allereie iskaldt ute, og eg høyrer på Baby, It's Cold Outside uten at det føles merkeleg. På den andre sida er det gresskar OG klementiner i butikkane. Seinhausten/oktober er ei veldig forvirrende tid. På den andre sida så gjorde eg ei prøvesminking til Halloween, inspirert av den tragiske klovnen, Pierrot.

mandag 10. oktober 2011

Haust.

Det er haust no, og med hausten kjem fleire morgonar der ein vakner og berre føler at i dag, i dag vert ein jævlig dag. I dag er ein sånn dag. Vakna halv sju. Krangla med kjæresten før sju. Kjem ikkje til å stå opp sjølv om eg er vaken. Er sur på verda i dag, og tykkjer strengt tatt ho kunne latt meg sove til det var litt lyst ute. Men nei. Så då ligg eg her, miserabel, og blogger eit bilde frå ei mykje finere haustdag.


onsdag 21. september 2011

Kva er ein verdig sak?

Eg er ein av "ildsjelane" bak Team Pink Eye, som skal helde på i heile Oktober, og faktisk allereie har tent sine fyrste 350,-. Det er aldri nokon som spør "kvifor gjer du det? Kvifor starte du di eiga 'team'-greie for å støtte brystkreftforskning?", fordi det er heilt openbart ei god sak, som alle burde støtte om dei kan. Det er ei grunn til at oktober er dekt i rosa sløyfer, er det ikkje? (Dette er klistrelappane eg lagde for eit selskap som heiter One Hand Washes The Other - dei skal donere salgsinntektar til Team Pink Eye i oktober!)


Men så starta eg med noko anna, noko som er på eit mykje meir personleg nivå. Eg starta å spare nokon av mine eiga pengar for å gje til ei venninne som skal gifte seg i mars. Ikkje som bryllaupsgåve, men for å hjelpe ho å betale for bryllaupet. Ho var berre ei bekjent då samtaleemnet kom opp. Ho nemnte at båe ho og forlovaden gifter seg for andre gong, og at ho verkeleg vil gjere noko utav det.

Alle jenter vil vel eigentleg ha eit bryllaup som er deira dag, som dei kan sjå tilbake på, og vise bildar frå, og vere stolte av. Eg tenkte eigentleg ikkje meir på det før det kom opp i ein gruppesamtale at ho ikkje ante korleis dei skulle få råd til alt, og forklarte litt meir av bakhistoria. Hoas tidligare ektemann misbrukte ho, både psykisk og fysisk, til ho tilslutt klarte å bygge opp motet og rømte frå han. Ho har ikkje særleg med gode minner frå bryllaupet - eller ekteskapet - deira.

Men det er ikkje difor ho vil ha eit fint bryllaup denne gongen. Det er fordi forloveden hennar sist måtte gifte seg i lunsjpausen på arbeidsplassen til eksen sin, og har aldri fått lov å feire ein sånn dag så langt. Han har spinka og spart det han kan, fordi han verkeleg, verkeleg, vil ha ein fin bryllaupsdag. Difor ynskjer ho seg og ein fin bryllaupsdag. For hans skuld, og for far hennar skuld, som gjerne vil sjå dattera si lukkeleg gifta bort, og ikkje til ein horribel unnskyldning for ein mann. Diverre så fører sistnemnde til at dei ikkje fekk så mykje tid som dei hadde håpa på for å gjere seg klar og spare til eit bryylaup som dei trudde, fordi faren hennar er døyande.

When it rains it pours, right?

Difor har eg valt å gje ho noko pengar, som ei slags bryllaupsgåve, men ikkje naudsynt til etter bryllaupet. Enkelte har reagert på det med "kvifor det? Du held jo allereie på med TPE." eller "Jøss, det var litt av eitt hopp i godgjerden". Er det ein mindre verdig sak? Kva tykkjer de?

tirsdag 20. september 2011

Revival!

Eg kom til å tenkje at eg eigentleg ikkje treng så frykteleg mykje å skrive om for å ha ein blogg, om ikkje anna er det eit fint sted å få sutra i frå seg, og skrive litt om ting som skjer i løpet av i dag, og kva for dag passar betre enn i dag?  Kjapp oppsummering av alt som har skjedd sida sist - eg har sagt opp jobben min av årsaker eg ikkje er heilt klar for å gå innpå endå - eg har med stort tålmod venta dei åtte vekene eg måtte før eg hadde rett på dagpengar - eg har vore på jobbintervju hos Elkjøp, og har eitt andregongsintervju i morgo!

La meg byrje med å si dette: Kjere alle som tek bybanen - dørane åpnar seg ikkje fortare sjølv om du står og trykkar frå dama i taket seier namnet på stoppet. Er vi semd om det? Bra.

For det andre, SMIL-kampanja til Skyss har openbart ikkje funka, fordi det einaste det har ført til er at alle er dritsure for at ingen tek hensyn til dei spesifikt, anten dei skal på eller av bybanen. At dei ikkje heilt har fatta at alle må delta for at det skal funke er litt overraskande sida eg trudde stort sett heile Noregs befolkning kunne lese.

For eksempel, eg har vore rundt meg bornevogn ein del i det siste, fordi eg har passa dattera til bestevenninna mi, og fordi eg har nevøer som - trass i at dei kan helde ut rimeleg lengje - neppe hadde orka ein heil dag i sentrum utan vognen. Eg kjem på ein relativt full bybane, og det sitt to menn og pratar på dei designerte handicap/bornevogn-plassane. Eg trekk pusten, sukker tungt, og stillar meg på hin sida. Sida ho som satt der reiste seg og lot meg parkere utan ei einaste sur mine var det ikkje eit problem før bornvogn nummer 2, 3 og 4 kom på, henholdsvis. Dei to satt der framleis, ensa ikkje at dei satt på plassar dei eigentleg skal gje frå seg når nokon som treng dei kjem på. Det endte med litt kreativ stabling frå meg og eit par andre som hadde vogn med seg. Ikkje ein gong når vi sto og dytta vogner der det var plass ensa dei at dei moglegvis satt ein stad dei ikkje burde.

Tru meg - eg er ikkje typisk bornevognsmafia, og eg har inkje i mot å måtte parkere ein anna plass, så lengje det er plass og vogna står trygt. Men eg vert framleis utruleg irritert når folk ikkje reiser seg for bornevognar, rullestolar, eldre, folk på krykkar, og... ja, de forstår poenget. Og spesielt når folk sitt seg frivilleg på handicap-plassar, bornevogn/rullestol-plassar og lignande. Då sett du deg ein plass der du veit det er ei sjanse for at du må reise deg om nokon som har rett på plassen kjem på. Trudde eg, i kvart fall.


Avslutningsvis kan eg kome med ei morsom anekdote om byråkrati. I dag var eg på eit veiledningsmøte for dagpengemottakere. Eg er ikkje ei sånn ei endå, men då eg skulle levere min dagpengesøknad #2 (fordi det var noko feil i den fyrste, må dykk skjønne, og dei kan ikkje ordne det for meg, eg må innom og levere ei heilt ny ein, med nye kopiar av papira dei fekk for ei veke sida) var vi altså framleis i møterommet. Mannen som heldt veiledningsmøtet var faktisk saksarbeidaren min, så eg tenkte at det var flaks, og gjekk bort til han. "Hei, eg fekk beskjed om å levere denne innen ei veke for ... ei veke sida." han så på papiret, registrerte at det var ein søknad om dagpengar, og sa "Jo, du må opp og levere den i skranken". Eg forsøkte spakt å påpeke at han var saksarbeidaren min, og då sa han, med eit lett panisk tonefall "Men eg har ikkje den rette posteska til å ta i mot han!". Byråkratiet i praksis, altså!